Som del av Hauge-dagane i Bjørgvin vart det lyst ut konkurranse om å utforma ein Hans Nielsen Hauge-sokk. No er vinnarsokken klar, den er designa av Elisabeth Attramadal.
Vinnaren vart kåra på Hauge-konferansen i Bergen. Hans Nielsen Hauge var kjent for å strikka i fengsel og på reiser i Noreg. Sannsynlegvis strikka han sokkar som var lette å ta med, lette å strikke og dei var eit heilt naudsynt klesplagg på turane hans. Norsk folkemuseum skriv at «hans strikkeferdigheter var faktisk så kjent at han i fengselet fikk bestillinger på vanter fra Kristianias finere fruer. De leverte selv garnet, og han tjente penger til penn og papir.»
Kravet til sokkane som var med i konkurransen var at dei skal kunne bli brukt av vaksne og born. Dei skal vere funksjonelle og gjerne i fleire fargar, prega av både tradisjon og fornying.
Sokken er kvit med grått mønster. Tanken bak dette er inspirert av Hauge som ville bringa det heilage inn i kvardagen. Vinnaren skriv: – Ein vanleg sokk får det heilage og reine over seg (kvit), samstundes som krossen i sokkemønsteret blir gjort grå – kvardagsleg og allment. Hauge snakkar om å finna det gudommelege i kvardagsaktivitetane våre: Når me vaskar, eller jobbar i åkeren. Me møter Gud i kvardagen – gjennom arbeidet vårt.
Det er Norges Husflidslag saman med Bymuseet i Bergen, HimalPartner, Kystmuseet i Øygarden og Bjørgvin bispedøme som har tatt initiativ til konkurransen, saman med Hillesvåg Ullvarefabrikk.
Juryen hadde medlemer frå arrangørane og var leia av Hege-Therese Nilsen frå Norges Husflidslag. Dei skriv bl.a. – Vinnersokken er enkel, ren, en fin søndagssokk. Den har en god form og sitter fint på foten. Det er en sokk de fleste kan strikke og den er elegant i sin enkelhet.
Det er laga ei oppskrift til sokkane og dei kan strikkast (sjå lenke her).