{"id":951,"date":"2021-10-01T15:38:05","date_gmt":"2021-10-01T13:38:05","guid":{"rendered":"https:\/\/hnhsenteret.no\/?p=951"},"modified":"2024-02-21T21:33:04","modified_gmt":"2024-02-21T20:33:04","slug":"hauge-sokken-er-klar","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/hnhsenteret.no\/nyheter\/hauge-sokken-er-klar\/","title":{"rendered":"Hauge-sokken er klar"},"content":{"rendered":"\n

Som del av Hauge-dagane i Bj\u00f8rgvin vart det lyst ut konkurranse om \u00e5 utforma ein Hans Nielsen Hauge-sokk. No er vinnarsokken klar, den er designa av Elisabeth Attramadal.<\/strong><\/p>\n\n\n\n

\"\"
Vinnar Elisabeth Attramadal (t.v.) fekk skryt av juryleiar Hege-Therese Nilsen under utdelinga av prisen for beste Hauge-sokk. Foto. Vetle Karlsen Eide<\/figcaption><\/figure>\n\n\n\n

Vinnaren vart k\u00e5ra p\u00e5 Hauge-konferansen i Bergen. Hans Nielsen Hauge var kjent for \u00e5 strikka i fengsel og p\u00e5 reiser i Noreg. Sannsynlegvis strikka han sokkar som var lette \u00e5 ta med, lette \u00e5 strikke og dei var eit heilt naudsynt klesplagg p\u00e5 turane hans. Norsk folkemuseum skriv at \u00abhans strikkeferdigheter var faktisk s\u00e5 kjent at han i fengselet fikk bestillinger p\u00e5 vanter fra Kristianias finere fruer. De leverte selv garnet, og han tjente penger til penn og papir.\u00bb<\/p>\n\n\n\n

Kravet til sokkane som var med i konkurransen var at dei skal kunne bli brukt av vaksne og born. Dei skal vere funksjonelle og gjerne i fleire fargar, prega av b\u00e5de tradisjon og fornying.<\/p>\n\n\n\n

Sokken er kvit med gr\u00e5tt m\u00f8nster. Tanken bak dette er inspirert av Hauge som ville bringa det heilage inn i kvardagen. Vinnaren skriv: – Ein vanleg sokk f\u00e5r det heilage og reine over seg (kvit), samstundes som krossen i sokkem\u00f8nsteret blir gjort gr\u00e5 \u2013 kvardagsleg og allment. Hauge snakkar om \u00e5 finna det gudommelege i kvardagsaktivitetane v\u00e5re: N\u00e5r me vaskar, eller jobbar i \u00e5keren. Me m\u00f8ter Gud i kvardagen \u2013 gjennom arbeidet v\u00e5rt.<\/p>\n\n\n\n

Det er Norges Husflidslag saman med Bymuseet i Bergen, HimalPartner, Kystmuseet i \u00d8ygarden og Bj\u00f8rgvin bisped\u00f8me som har tatt initiativ til konkurransen, saman med Hillesv\u00e5g Ullvarefabrikk.<\/p>\n\n\n\n

Juryen hadde medlemer fr\u00e5 arrang\u00f8rane og var leia av Hege-Therese Nilsen fr\u00e5 Norges Husflidslag. Dei skriv bl.a. – Vinnersokken er enkel, ren, en fin s\u00f8ndagssokk. Den har en god form og sitter fint p\u00e5 foten. Det er en sokk de fleste kan strikke og den er elegant i sin enkelhet.<\/em><\/p>\n\n\n\n

Det er laga ei oppskrift til sokkane og dei kan strikkast (sj\u00e5 lenke her).<\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"

Som del av Hauge-dagane i Bj\u00f8rgvin vart det lyst ut konkurranse om \u00e5 utforma ein Hans Nielsen Hauge-sokk. No er vinnarsokken klar, den er designa av Elisabeth Attramadal. Vinnaren vart k\u00e5ra p\u00e5 Hauge-konferansen i Bergen. Hans Nielsen Hauge var kjent for \u00e5 strikka i fengsel og p\u00e5 reiser i Noreg. Sannsynlegvis strikka han sokkar som […]<\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":947,"comment_status":"closed","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[17],"tags":[],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/hnhsenteret.no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/951"}],"collection":[{"href":"https:\/\/hnhsenteret.no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/hnhsenteret.no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/hnhsenteret.no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/hnhsenteret.no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=951"}],"version-history":[{"count":1,"href":"https:\/\/hnhsenteret.no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/951\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":952,"href":"https:\/\/hnhsenteret.no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/951\/revisions\/952"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/hnhsenteret.no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/947"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/hnhsenteret.no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=951"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/hnhsenteret.no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=951"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/hnhsenteret.no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=951"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}